Historisk arkiv

Utgreiinga om søndagsopne butikkar skal ut på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet sender no "NOU 2017: 17 På ein søndag?" om søndagsopne butikkar ut på høyring.

– Utgreiinga frå Lae-utvalet har gitt oss eit godt kunnskapsgrunnlag. Resultatet av høyringa blir viktig når regjeringa skal ta stilling til korleis saka skal følgjast opp. Det er viktig at vi får eit regelverk som fungerer i praksis, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Kulturdepartementet mottok utgreiinga om søndagsopne butikkar i desember i fjor.

Utvalet som vart leia av Erling Lae vurderte den noverande reguleringa av opningstider på heilag- og høgtidsdagar, og konsekvensane av å endre reguleringa av opningstidene i varehandelen.

Tilrådinga frå fleirtalet i utvalet er å betre regelverket, skape likare konkurransevilkår og å halde på søndagar som dagar som skil seg ut. 

Høyringsfristen er 25. april.

Høyringa