– Eg er glad for å kunne lyse ut prosjektet i dag og håpar på mange spennande søknader. Kompetansetenesta skal ikkje gi råd til kommunar om dei bør seie ja eller nei til vindkraft, men hjelpe kommunane med prosessen slik at dei kjenner seg trygge fram mot ei avgjerd. Eg håpar det kan bidra til at fleire kommunar seier ja til ugreiing av vindkraftprosjekt, seier energiminister Terje Aasland.

Kompetansetensta skal vere landsdekkande, og skal tilby rettleiing om regelverket etter plan- og bygningslova for planlegging av konsesjonspliktige vindkraftanlegg på land. Tenesta skal bidra til at kommunane får betre tilgang til kunnskap og råd om planlegging av vindkraft i eigen kommune.

Etter endringane i plan- og bygningslova og energilova i 2023, har kommunane fått eit større ansvar for planlegging av vindkraftverk. Kompetansetenesta skal kunne hjelpe kommunar som har spørsmål om prosessen for planlegging etter plan- og bygningslova. Det er også naturleg at kompetansetenesta har kjennskap til regelverket som gjeld for konsekvensutgreiingar og konsesjonsprosessen etter energilova. Også fylkeskommunane kan ha god nytte av kompetansetenesta. Tilskotsordninga skal vere eit lågterskeltilbod, og skal i utgangspunktet vere mogleg å bruke gratis.

Kva kan det søkjast om tilskot til? 
I 2025 vil det særleg vere aktuelt å gi tilskot til å etablere og byggje opp eit tilbod som skal bidra til å styrkje kunnskapen og auke kompetansen når det gjeld kommunal planlegging og behandling av vindkraft på land. Tilbodet skal primært vere retta mot kommunar og fylkeskommunar som ønskjer å auke kompetansen sin og som ønskjer bistand og rettleiing om regelverket for planlegging av konsesjonspliktige vindkraftanlegg på land.

Kven kan søkje?
Aktuelle søkjarar er organisasjonar, verksemder eller faglege nettverk som samarbeider om tiltak som rettar seg mot å auke kompetansen og rettleie kommunar og fylkeskommunar.

Søknadsfristen er 30. juni 2025.