Fråsegn om at Russland vurderer å trekkje seg frå prøvestansavtalen

Noreg har ei særleg rolle i arbeidet med kjernefysisk nedrusting og forbodet mot atomprøvesprengingar. Under FNs høgnivåveke i New York i september starta Noreg saman med Panama eit toårig verv for å sikre at prøvestansavtalen skal kunne tre i kraft. 187 av landa i verda har underteikna avtalen, men det står att ratifisering frå åtte nøkkelland.

Sjølv om avtalen formelt ikkje har tredd i kraft, har han skapt brei internasjonal semje om at kjernefysiske prøvesprengingar ikkje skal skje. I det 20. hundreåret blei det gjennomført over 2000 kjernefysiske prøvesprengingar. Sidan tusenårsskiftet er det berre Nord-Korea som har gjennomført atomprøvesprengingar. Det viser at grundig og tidkrevjande nedrustingsdiplomati verkar, meiner utanriksministeren.

– Noreg har lang tradisjon for å jobbe for nedrusting, ikkje-spreiing og rustingskontroll.  Målet er ei verd utan kjernevåpen. For å få framgang må det byggjast tillit og polarisering blir dempa. Prøvestansavtalen har òg vist seg å vere ein sentral byggjestein i det internasjonale nedrustingsarbeidet. Det ville vere svært negativt for arbeidet med kjernefysisk nedrusting om Russland skulle velje å trekkje seg frå avtalen, og vi forventar at Russland er medvite sitt ansvar, uttaler Anniken Huitfeldt.