Utviklinga av kunstig intelligens utfordrar høgare utdanning på fleire vis. Kva skal studentane lære, korleis skal dei lære og korleis skal universiteta og høgskulane vurdere kva dei veit og kan?

Utvalet har sidan våren 2025 greidd ut korleis kunstig intelligens påverkar høgare utdanning, og korleis vi bør tilpasse oss ei tid med nye moglegheiter og utfordringar. I desember 2025 leverte dei nokre førebelse tilrådingar til universitet og høgskular.

Tid: 6. november, kl.12:30 - 13:30. 

Stad: Marmorhallen, Kongens gate 20

Leiar av utvalet, Anders Malthe-Sørenssen, innleier og overleverer rapporten til forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap), som deretter vil seie nokre ord.

Det blir høve til separate intervju for pressa.

Journalistar bør melde seg på, og møte opp før kl. 12.20. Hugs gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort). Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Anneline Svensen anneline.svensen@kd.dep.no.

Strøyming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.