I ei tid med auka internasjonale spenningar og tilbakeslag for demokratiske verdiar og menneskerettar er det i norsk interesse å vidareutvikle samband med land som deler våre verdiar og syn på korleis verda kan og bør styrast trygt i hamn. Brasil og Chile er slike land. Under reisa vil Aukrust møte sentrale personar frå styresmaktene, representantar for sivilsamfunn, næringsliv og urfolk.

Besøket understrekar Noregs forplikting til eit sterkt internasjonalt utviklingssamarbeid basert på partnarskap, berekraft og felles ansvar.

Presse som ønskjer meir informasjon eller å dekkje reisa blir invitert til å ta kontakt med:

Presserådgivar Laik Hanbaly, 988 777 53, laik.hanbaly@mfa.no