Presseinformasjon:
Utviklingsministeren besøkjer Vietnam og Indonesia
Pressemelding | Dato: 04.02.2026 | Utanriksdepartementet
Utviklingsminister Åsmund Aukrust reiser til Vietnam og Indonesia 9. til 13. februar.
Besøket skjer i samband med den nye stortingsmeldinga om norsk utviklingspolitikk, og vil ha fokus på samarbeid mellom Noreg og landa i Søraust-Asia.
I Vietnam skal Aukrust ha møte med vietnamesiske styresmakter og samarbeidspartnarar med fokus på landets grøne omstillinga og utviklinga av ein meir sirkulær økonomi. Vietnam er eit raskt veksande land, og omlegging til meir berekraftige produksjons- og forbruksmønster er viktig både for økonomisk utvikling og for å møte utfordringane i verda.
– Vietnam står midt i ei omfattande omstilling med enorm vekst. Her bidreg norsk utviklingspolitikk til berekraftig vekst og jobbskaping, hand i hand med aukande næringslivssamarbeid der norske selskap bidreg med grøne løysingar. Under besøket skal vi styrkje dette samarbeidet , seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
I Indonesia vil dialog med styresmakter og andre samfunnsaktørar om internasjonalt samarbeid, utviklingspolitikk og innovative finansieringsmodellar vere viktige tema. Forholdet mellom Noreg og Indonesia byggjer på eit breitt og langsiktig partnarskap.
– Når bistandsverda endrar seg så drastisk som vi har sett det siste året, er vi nøydde til å styrkje partnarskapane med andre land der vi har felles interesser. Indonesia er det fjerde mest folkerike landet i verda og vi har eit breitt samarbeid på klima og miljø. Derfor er dette eit viktig besøk, seier Aukrust.
Felles for besøka i Vietnam og Indonesia er at innsikta frå møta vil inngå som informasjonsgrunnlag i Prosjekt Vendepunkt, som skal munne ut i den nye stortingsmeldinga for ny utviklingspolitikk.
Pressekontakt: Mariken Harbitz (med på reisa) +47 99093538, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no