Vedtak frå Tariffnemnda

Tariffnemnda har fatta vedtak om vidareføring av allmenngjering av tariffavtale i tre bransjar, og om justering i lønssatsane i seks allmenngjeringsforskrifter.

Vidareføring av allmenngjering av tariffavtaler

31. mars 2017 fatta Tariffnemnda vedtak om vidareføring av allmenngjering av tariffavtale i tre bransjar. Vedtaka gjeld:

  • reinhaldsbedrifter,
  • godstransport på veg, og
  • persontrafikk med turbil.

Dei nye allmenngjeringsforskriftene tek til å gjelde 1. juni 2017. 

Vedtaka finn du på Tariffnemndas nettside

Vedtak om justering i lønssatsar

5. mai 2017 fatta Tariffnemnda vedtak om justering i lønssatsane i seks allmenngjeringsforskrifter som følgje av mellomoppgjeret i 2017. Vedtaket gjeld:

  • jordbruks- og gartnerinæringa,
  • byggeplassar,
  • reinhaldsbedrifter,
  • fiskeindustribedrifter,
  • elektrobransjen, og
  • skips- og verftsindustrien.

Dei nye lønssatsane tek til å gjelde 1. juni.

Vedtaket finn du her.