– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjere sidan det er gode argument frå både Nessane Grendelag og frå kommunane som no skal bygge nye Sogndal, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Initiativet til å flytte området kom frå Nesse Grendelag. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjort ei god og grundig utgreiing av saka. Departementet har hatt møter med dei involverte kommunane og representant for Nesse Grendelag før vedtaket vart fatta. Vedtaket inneber at bygdene Sæle og Lindane blir verande i Balestrand.

– Eg har lagt avgjerande vekt på at denne endringa vil gje innbyggarane i Nesse krins ein betre kvardag med enklare tilgjenge til kommunale tenester, seier statsråden.

Departementets vedtak om grensejusteringa er i tråd med tilrådinga frå fylkesmannen.


Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.