Vestlandsbonden tek meir av marknaden

Sidan 2014 har det vore eit trendskifte der Vestlandet og Trøndelag har auka sin del av det grasbaserte husdyrhaldet (ku og sau).

Dette går fram av grunnlagsmaterialet for jordbruksoppgjeret. I perioden 2006-2014 var det Austlandet som stod for auken i den grasbaserte produksjonen, med unntak for mjølk. Sidan 2014 er det gjort fleire tilpassingar i tilskotssystemet som styrker Vestlandsjordbruket si konkurransekraft på den nasjonale marknaden.

– Det skiftet vi her ser er eit resultat av tydelig politisk prioritering av Vestlandjordbruket og andre grasområde under denne regjeringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Sidan 2014 har det vore eit trendskifte der Vestlandet og Trøndelag har auka sin del av det grasbaserte husdyrhaldet (ku og sau).
Sidan 2014 har det vore eit trendskifte der Vestlandet og Trøndelag har auka sin del av det grasbaserte husdyrhaldet (ku og sau). Foto: Landbruks- og matdepartementet.

 Saman med avtalepartane i jordbruksoppgjeret, har det vore eit mål for denne regjeringa å styrke grunnlaget for ku og sau i grasområda, m.a. på  Vestlandet, og stimulere til meir bruk av utmarksbeite. Samstundes har vi i enda sterkare grad stimulert til å dyrke korn og planteprodukt i andre delar av landet, der tilhøva ligg best til rette for det, seier Dale.

 Vi ser nå at politikken har gitt den effekten vi ønskjer. Vestlandet tek ein større del av den grasbaserte produksjonen, seier Jon Georg Dale.

Investering og rekruttering

I perioden 2014-2017 har inntektsveksten for bøndene vore meir enn dobbelt så høg som for andre grupper. Det er optimisme og investeringslyst i norsk jordbruk. Stadig fleire unge søkjer seg til landbruksutdanning, og det blir investert over 8,5 milliardar kroner kvart år. I 2015 auka nettoinvesteringane i jordbruket mest på Vestlandet. 

 For å stimulere til rekruttering og gje den einskilde bonden høve til å modernisere og vidareutvikle garden sin, er investeringstilkota over jordbruksavtalen dei to siste åra auka meir enn det jordbruksorganisasjonane har kravd, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

I jordbruksoppgjeret for 2016 vart kravet om at alle mjølkekyr skal vere i fjøs der dei kan gå fritt og ikkje vere bundne opp på bås, utsett i 10 år.

 Omlegging til lausdrift er spesielt krevjande for dei små og mellomstore mjølkegardane som det er mange av på Vestlandet. Denne utsetjinga gir betre høve til å nytte ut den kapitalen som allereie er investert, samstundes som det gir bøndene betre høve til å planlegge nyinvesteringar, seier Dale.

Sauebøndene på Vestlandet kjem betre ut

Sauehaldet er stimulert gjennom auke i arealtilskot til grasproduksjon, tilskot til utmarksbeite og betre betalt for god kvalitet på slakta. I 2014 vart det åpna for å gje tilskot også for meir enn 300 sauer. I årets avtale er tilskotet til dei første 100 sauene auka.

– Då denne regjeringa overtok var det eit stort underskot av norskprodusert sauekjøtt., påpeikar Dale. – Over 10 prosent av forbruket måtte importerast frå utlandet. Det var ei fallitterklæring frå den rødgrønne regjeringa at graslandet Noreg med store beiteressursar ikkje klarte å produsere det vi sjølve et av sau- og lammekjøtt, seier landbruks- og matministeren.

– I løpet av få år har vi no blitt sjølvforsynte. Større produksjon kombinert med auka sal og marknadsbalanse gir grunnlag for inntektsauke for sauebøndene. Sauebøndene på Vestlandet kjem betre ut i årets jordbruksavtale enn lands-gjennomsnittet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.