Presseinvitasjon:
Vestre og Tung inviterer til innspelsmøte om KI
Nyheit | Dato: 11.11.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Ti selskap får høve til å presentere sine løysingar for korleis KI kan bidra til framtidas helseteneste og oppgåveløysing. Tempoet vil vere høgt og dei ulike næringslivsaktørane får cirka tre minutt på seg til å presentere seg og si løysing før statsrådane oppsummerer. Digital Norway er vertskap for innspelsmøtet, og saman med Norway Health Tech er dei arrangørar av møtet.
Tid: Torsdag 13. november kl 12.30 – 14.00
Stad: Rebel Oslo, Universitetsgata 2, 0164 Oslo
Dei ulike aktørane er på førehand blitt bedne om å fortelje si meining om kva som kan hemme og kva som kan fremje bruk av KI i helsetenesta.
I tillegg er dei bedne om å kome med forslag til tiltak frå styresmaktene som kan forenkle og tilrettelegge for å oppskalere, slik at KI i større grad blir tatt i bruk og nyttegjort.
Pressa er velkomne til å delta på heile møtet. Begge statsrådane er tilgjengelege for korte intervju etter dei har haldne sine avsluttande innlegg, ca. kl 13.45.
Kontaktperson for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Daniel Drageset, m. 994 14 051, e-post daniel.drageset@hod.dep.no.
Kontaktperson for digitaliserings- og forvaltningsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Heidi Egede-Nissen, m. 404 37 384, e-post heidi.egede-nissen@dfd.dep.no.