Vestre og Tung mottok innspel frå KI-leverandørar
Nyheit | Dato: 28.11.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Kva skal til for at kunstig intelligens (KI) blir nyttiggjort i helsetenestene, og kva hinder finst det for å breidde ut gode KI-løysingar i dag? Det var tema då helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung heldt innspelsmøte med leverandørar av KI til helsetenestene.
– Ny teknologi kan avlaste og forenkle arbeidsdagen for helsepersonell, bidra til betre pasientbehandling og gi meir effektiv ressursbruk. Derfor må vi breidde ut det som fungerer, og fjerne hindre og legge til rette for leverandørane, forklarer helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Innspelsmøtet blei arrangert av Norway Health Tech og Digital Norway i Oslo torsdag 13. november, etter at regjeringa ved Helse- og omsorgsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, hadde tatt initiativ til det.
– Vi må lykkast med å ta i bruk KI i helsetenestene. Det kan gi oss betre pasientbehandling og meir effektiv bruk av offentlege ressursar. No gjeld det å gå fra ambisjon til adopsjon, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Saka held fram under bildet.
Innspel frå leverandørane
Dei to statsrådane tok imot ei rekke innspel frå leverandørane.
Blant innspela statsrådane fekk var at:
- Prosessar rundt anskaffingar i dag bør gjerast enklare.
- Opprette eit utdanningsprogram i KI for innkjøparar, leiarar og klinikarar slik at det blir enklare for dei å ta i bruk KI.
- Jobbe fram ein strategi for tilgang til norske kunnskapskjelder og helsedata for at vi på den måten kan legge betre til rette for fleire norske KI-løysingar.
Under er nokre av innspela frå leverandørane som var til stades på innspelsmøtet oppsummert.
Dette sa KI-leverandørane
- Etablere eit utdanningsprogram i KI for innkjøparar, leiarar og klinikarar.
- Øyremerka midlar til innkjøp av KI-system som er CE-merka (dmp.no). (CE-merking vil seie at løysingane er i samsvar med EU-krav til tryggleik og at dette er dokumentert.)
- Ein må stille krav til, og måle, at løysingane er brukarvennlege.
- Vi må velje fleksible, skybaserte løysingar som kontinuerleg blir vidareutvikla i tett samarbeid mellom leverandør og kundar – utan unødvendige mellomledd.
- Når ein gjer anskaffingar basert på dagens løysingar, gjer det også at ein mistar tilgang til ny teknologi i perioden som avtalen går over. Ein slik periode kan vere opp til fire år, noko som gjer at ein ikkje kan ta i bruk ny teknologi så raskt som ein bør.
- Sjukehus må kunne gjenbruke delar av godkjenningsprosessen som er gjort på andre sjukehus, til dømes vurdering av personvernkonsekvensar – ei DPIA-vurdering (datatilsynet.no).
- Fastlegar har ikkje insentiv til å ta i bruk løysingar som gir gevinst i andre delar av behandlingskjeda.
- Ein må måle helseføretaka på kor hurtig dei tar i bruk nye løysingar. Slik kan sjukehus lære av kvarandre.
- Det er behov for å førebygge monopol. Medbric anbefaler at ein gjer tiltak for å unngå at store leverandørar sperrar små og nye aktørar ute.
- Alle kommunar, sjukehus og andre helseaktørar treng ikkje å gjere dei same risikovurderingane om ulike løysingar. Dette må bli lettare.
- Unngå å gjere DPIA og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på nytt. Britiske National Health Service (NHS) har nyttige erfaringar i dette.
- Leiinga i ulike deler av det offentlege er meir komfortabel med dei store og dominerande leverandørane.
- Dei små og innovative selskapa blir ofte møtt med eit unødvendig byråkratisk innkjøpssystem. Dette må bli enklare.
- Skal Noreg bli ein KI-nasjon å rekne med, kan vi ikkje bare basere oss på KI-løysingar laga i andre land som er basert på andre sine data. Vi er nøydde til å kunne utvikle eigen KI basert på eigen råvare, som er norsk helsedata.
- Vi treng derfor ein helsedatastrategi som sikrar trygg tilgang til helsedata og gjer det mulig å utvikle innovative KI-løysingar i gode offentlig-private samarbeid.
- KI-prosjekt som får offentleg støtte må ha plikt til å dele dataa deira.
- Auke bruk av effektmål ved tildeling av støtte. Eit effektmål er ein beskriving av kva verknad ein brukar har av eit gitt tiltak, til dømes korleis ei KI-løysing konkret får nytte for ein pasient.