Viktig steg i realiseringa av ny E6 ved Lillehammer

Onsdag 12. februar meldte Nye Veier at dei har ein intensjon om å signere med AF Gruppen for å byggje E6 mellom Roterud og Storhove. – Dette er eit viktig steg for realisere ein raskare, betre og tryggare E6 for dei som bur og jobbar i Lillehammer-regionen, og for alle dei som reiser mellom sør og nord på landets viktigaste riksveg, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

E6 er stamvegen som knytt landet saman frå nord til sør. Strekninga på E6 mellom Moelv og Øyer er òg ein viktig del av utviklinga av hovudvegen frå Oslo til Nord-Vestlandet. Regionalt legg vegen til rette for bu- og arbeidsmarknaden, og for å bidra til vidare lokal utvikling.

Ein ny E6 forbi Lillehammer vil redusere talet på ulykker på vegen, auke framkomme for både gods- og persontransport, og betre regionens samfunnsikkerheit og beredskap. Det er viktig for Regjeringa å kome i gong med arbeid på denne vegen, seier Nygård.

Lågendeltaet

Regjeringa har forutsett fleire tiltak for at Nye Veier skal kunne fortsette bygginga av E6 gjennom Lågendeltaet. Desse tiltaka kjem i tillegg til tiltaka fastsett av Statsforvaltaren, og nedskaleringar Nye Veier allereie har fått til. 

Alle tiltaka vil ha positiv effekt for viktig naturmangfald, både innanfor og utanfor dagens vernegrense i Lågendeltaet. Derfor er det gode nyheiter at Nye Veier no inngår ein intensjonsavtale med entreprenør slik at ein kan byrja bygginga av dette prosjektet, seier samferdselsministeren.

Fakta: Dei andre partane har no ti dagar frå vedtaket til å be om ei utsetting av intensjonsavtalen mellom Nye Veier og AF Gruppen.