– Byggjenæringa er Noregs største fastlandsnæring og avgjerande for utviklinga i heile landet. Auka produktivitet tener alle på. Då kan bygginga gå raskare og bli meir berekraftig, og vi sparer arbeidskraft som vi kjem til å trenge sårt i åra framover, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.

Formålet med eit forskingssenter er å bidra til meir systematisk og langsiktig kunnskapsutvikling om korleis byggjenæringa kan bli meir effektiv og innovativ.

– Regjeringa har ambisiøse mål for bustadpolitikken, og vi er opptekne av at bustadbygginga skjer på ein effektiv og føreseieleg måte. Eg opplever at byggjenæringa er omstillingsdyktig og innovativ. Samstundes ser vi eit større potensial for auka produktivitet. Difor set vi no i gang ei satsing som skal bidra til auka produktivitet. Vi vil samle forskingsmiljø, bedrifter og andre aktørar i næringa for å finne betre løysingar saman, seier Skjæran.

Departementet gir Noregs forskingsråd i oppdrag å setje i gang eit forprosjekt om produktivitet i byggjenæringa. Dette er første steg i ei langsiktig satsing på feltet.

– Forprosjektet markerer starten på eit viktig arbeid. Vi vil få på plass eit forskingssenter i 2027. Satsinga handlar mellom anna om å styrkje næringa sine moglegheiter til å nytte ny kunnskap og teknologi, styrkje innsatsen innan digitalisering og kunstig intelligens. Vi vil òg leggje til rette for meir samarbeid på tvers, seier Skjæran.

– Byggenæringa har eit stort potensial for auka produktivitet. Forsking og tettare samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø er avgjerande for å utvikle kunnskap som styrker konkurransekrafta og berekrafta. Eit forskingssenter kan bli ein viktig motor for denne utviklinga, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.