– Mange googlar ikkje lengre symptoma sine, dei spør KI. Det kan vi ikkje stoppe, og vi bør heller ikkje prøve. Vi må levere tryggleik for helsa der folk er, og derfor vil vi ha ei offentleg KI-teneste – ei svarteneste for helserelaterte spørsmål – som gir innbyggjarane trygge og kvalitetssikra svar tilpassa den norske helsetenesta, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Stort behov

I ei undersøking om folks bruk av kommersielle KI-løysingar som Helsedirektoratet nyleg gjennomførte, svarte seks av ti at personvern og kvalitetssikra innhald er viktig. Ei internasjonal undersøking (bmj.com) frå i fjor viste at éin av fem brukarar av dei store globale KI-språkmodellane fekk «svært problematiske» svar då dei stilte spørsmål om helse.

– Ei moderne helseteneste må henge med i utviklinga. Når ein av tre nordmenn kvar veke bruker internasjonale KI-tenester til spørsmål om helse, så viser det for alvor behovet for ei digital førstelinje. Viss det offentlege ikkje tek plass i den digitale kvardagen til folk, overlèt vi helserettleiinga til dei store internasjonale selskapa. Det er eit val eg ikkje vil stå ved, fortel Vestre.

Den foreslåtte løyvinga på 20 millionar kroner er ein del av regjeringa si foreslåtte KI-satsing på 120 millionar kroner som inkluderer tiltak frå både Helse- og omsorgsdepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Finansdepartementet og Energidepartementet. Arbeidet for ei ansvarleg og etisk KI-utvikling er også ein del av regjeringas plan for Noreg.

Startskotet har gått

Regjeringa har allereie gitt Helsedirektoratet i oppgåve å utarbeide grunnlaget for ei nasjonal KI-teneste på helseområdet. Tenesta skal bestå av ein chatbot som gir innbyggjarane dialogbaserte, kvalitetssikra svar og råd om symptom, helsetilstandar og helseplager.

Regjeringa har bestemt at løysinga skal etablerast i 2027, og Helsedirektoratet er bedne om å samarbeide med Norsk helsenett SF og Folkehelseinstituttet. Direktoratet for medisinske produkt skal også involverast.

I første omgang skal KI-tenesten ikkje stille krav til innlogging eller anna form for autentisering, men dette er eit mål på lengre sikt.

– Myndigheiter i fleire land testar no ut kunstig intelligens for å gi innbyggjarane betre, meir tilpassa tenester. Dette er eit område i rask utvikling internasjonalt, der mange no gjer seg dei første erfaringane med korleis slike tenester kan utviklast og takast i bruk på ein trygg og ansvarleg måte. I utviklinga av tenesta vil vi gjerne også samarbeide med gode private aktørar som har trygge løysingar i marknaden, seier Vestre.