– Norge skal være ledande på ansvarleg og trygg bruk av kunstig intelligens, med gode rammevilkår for innovasjon og verdiskaping i offentleg sektor og næringslivet. Vi må sikre at denne kraftige teknologien blir brukt til beste for folk, bedrifter og heile det norske samfunnet. Difor styrker vi ei allereie kraftig satsing på KI med over 120 millionar kroner, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen (Ap).

Her er tiltaka i KI-satsinga

Evalueringskapasitet i KI Norge (Digitaliseringsdirektoratet)

Regjeringa vil utvide mandatet til KI Norge så det inkluderer arbeid med KI-sikkerheit, og foreslår 30 millionar kroner til å styrke arbeidet på dette feltet. Forslaget skal gi auka kapasitet til å evaluere KI-modeller og rettleie om risiko og eigna bruk ved val av konkrete modellar til ulike bruksområde. Evalueringsarbeidet skal  skje i samarbeid med forskingsinstitusjonane, som i dag sit på fagkompetansen som slike evalueringar krev. I tillegg skal KI Norge vere kontaktpunktet mot internasjonale sikkerheitsmiljø, for eksempel AI Safety Institutes. Dette skal gi tilgang til metodar, testverktøy og vurderingar som Noreg ikkje kan bygge opp åleine.

Statleg innkjøpsmakt for KI-modellar og kraftige databrikker for prosessering (Direktoratet for økonomistyring)

Forvaltninga må ha kontroll på kostnadene ved bruk av KI. Regjeringa foreslår derfor fem millionar kroner til å styrke Marknadsplassen for skytjenester slik at vi aukar den samla forhandlingsmakta til staten og bidreg til å dekke behova i heile offentleg sektor. Dette omfattar også å stille oppdaterte krav til sikkerheit og personvern, i tillegg til å kunne forhandle fram vesentleg gunstigare priser.

KI-helseteneste for innbyggarar (Helsedirektoratet)

Stadig fleire søker helseinformasjon og deler eigne data med globale plattformar og språkmodellar. Ei offentleg KI-teneste for helseråd, omtalt i Handlingsplanen for helsepersonell 2040, skal møte innbyggarane der de er og gi eit trygt og påliteleg alternativ til internasjonale chatbotar. Regjeringa foreslår 20 millionar kroner til denne tenesta.

Fellesløysing for generativ KI (Digitaliseringsdirektoratet)

Regjeringa foreslår 25 millionar kroner til å etablere ei felles løysing for trygg og koordinert bruk av generativ KI i offentleg sektor. Løysinga skal vere eit felles fundament som dekker like behov på tvers av offentlege verksemder, mellom anna krav til sikkerheit og personvern, tilgang til relevante data, logging og tilkopling til språkmodellar. Løysinga vil gi betre offentleg ressursbruk, mellom anna ved å redusere dobbeltarbeid. Denne fellesløysinga kan bli brukt av mange offentlege aktørar og treng berre bli bygd ein gong. 

Kunnskap om økonomiske verknader av KI (Statistisk sentralbyrå)

Regjeringa vil greie ut moglegheita for å få meir utfyllande og samanliknbare data om bruk av KI og verknadene av dette, mellom anna data frå dei leiande KI-selskapa om bruk av KI i Norge. Dette kan koplast til norske registerdata for å styrke grunnlaget for forsking og analysar av verknader på arbeidsmarknaden, yrkesgrupper og næringslivet.

Bruk av generativ KI i konsesjonsbehandlinga (Noregs vassdrags- og energidirektorat)

Regjeringa foreslår 20 millionar kroner til å skaffe nye verktøy og bruke agentbasert KI for å kvalitetssikre meldingar og konsesjonssøknader som NVE mottek. Tiltaket vil redusere manuelt arbeid i NVE og legge til rette for at søkar raskare kan levere søknader med tilstrekkeleg kvalitet. Tiltaket vil frigjere saksbehandlingstid i NVE slik at fleire søknader kan behandlast.

Trygg og ansvarleg bruk av KI i departementa

Regjeringa foreslår 21,3 millionar kroner til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO), for å sikre at etaten har tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse til å auke satsinga på KI og digitalisering i departementa og på Statsministerens kontor.

Totalt foreslår regjeringa om lag 2,2 milliardar kroner til nye digitaliseringstiltak i 2027. Tilsvarande beløp i 2026 var 1,6 milliardar kroner.

Tabell med nye digitaliseringstiltak i 2027:

Departement

Tiltak

Beløp (i mill. kr)

AID

Prosjekt 6 – modernisering av utbetalingsområdet i Arbeids- og velferdsetaten

332,6

AID

Forbetra informasjonsutveksling mellom Arbeids- og velferdsetaten og helsetenesta

27,8

AID

Ikt-utvikling i Statens pensjonskasse

27,0

DFD

Telesikkerheit og -beredskap

451,3

DFD

Digitale fellesløysingar i Digitaliseringsdirektoratet

105,7

DFD

Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt (tilsegnsramme*)

100,0

DFD, HOD, FIN, ED

Satsing på nye KI-tiltak for betre offentlege tenester, auka produktivitet og styrkt sikkerheit i Noreg

121,3

DFD

Tiltak for digital sikkerheit i kommunane

26,0

ED

Digital samhandling i kraftbransjen og digitalisering av løysingar for økonomisk regulering

13,0

FIN/NFD

Samordna aksjeeigarregister og nytt system for skattlegging av aksjonærar (SAMOA)

100,0

HOD

Persontilpassa vaksineinformasjon på Helsenorge.no

3,0

JD

Heilskapleg digitalisering av politiet

500,0

KD/JD

Ny digital løysing for opplæring i fengsel

10,9

KDD

Betre kontroll og oversikt over eigarskap til fast eigedom

96,3

KDD

Modernisering av system for forvaltning av lån og tilskot i Husbanken – bustad- og bygningsdirektoratet

36,0

NFD

Etablering av nasjonal infrastruktur for distribusjon av presis og sporbar tid

94,0

NFD

Digitalisering i Justervesenet

6,3

SD

Auka sikkerheit mot digitale angrep i Statens vegvesen

100,0

 

Sum

2 151,2

*Medfinansieringsordninga dekker berre inntil halve investeringskostnaden, resten må søkeverksemda finne rom for innanfor eigen budsjettramme. Tilsegnsramma for 2027 vil dermed kunne utløyse offentlege digitaliseringsinvesteringar med samla budsjett på minst 200 millionar kroner.