I dag må fagskulane forhalde seg til to forskrifter: Den eine er fagskuleforskrifta, som er fastsett av Kunnskapsdepartementet. Den andre er fagskuletilsynsforskrifta, som er fastsett av NOKUT.

Forskriftene har delvis overlappande reglar om akkreditering, tilsyn og kvalitetssikring. Dette har over tid skapt eit uhensiktsmessig og uoversiktleg regelverk.

I forslaget til ny fagskuleforskrift er fagskuleforskrifta og fagskoletilsynsforskrifta slått saman, og det er laga ei ny kapittelinndeling for å sikre betre tematisk samanheng. Forslaget inneber i hovudsak strukturelle og språklege endringar for å gjere reglane lettare å finne fram til og forstå, men det er òg enkelte forslag som inneber mindre endringar i innhaldet i reglane.

Nokre endringar i fagskulelova

Kunnskapsdepartementet foreslår også nokre endringar i fagskulelova. Mellom anna blir det foreslått å oppdatere regelen om læringsmiljø. Det er for å synleggjere at læringsmiljøet omfattar alle forhold som verkar inn på studentane sine moglegheiter til å tileigne seg kunnskap, og som er av betydning for studentane si fysiske og psykososiale helse. Då blir det tydelegare at fysiske, digitale, organisatoriske, pedagogiske og psykososiale forhold er av betydning for studentane sitt læringsmiljø.

Høyringa gjeld ikkje innføring av den nye yrkesfaglege søyla i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR).

Fristen for innspel til høyringa er 17. juli 2026.