– Regjeringa har gjennomført fleire tiltak for å snu den dårlege situasjonen i Oslofjorden, men vi er ikkje i mål. Vi må forsterke dei tiltaka vi har sett i gang og komme med nye, kraftfulle tiltak for ein rein og rik fjord. Eg håpar mange vil bidra med innspel til den nye Oslofjordplanen vi legg fram til våren, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I den nye Oslofjordplanen vil regjeringa trekkje fram dei viktigaste prioriteringane for arbeidet med å betre tilstanden til fjorden dei neste fem åra. Den nye planen vil byggje vidare på Oslofjordplanen frå 2021.

– Vi er i gang med eit krafttak for fjorden, og har dei siste åra gått systematisk til verks med ei rekkje tiltak innan jordbruk, fiskeri og avløp. Den nye planen skal peike på korleis vi no kan forsterke innsatsen for ein berekraftig Oslofjord, seier Bjelland Eriksen.   

Den nye Oslofjordplanen vil byggje på innspel frå Miljødirektoratet og andre ansvarlege styresmakter. I tillegg ønskjer regjeringa innspel frå organisasjonar og andre aktørar med engasjement for Oslofjorden. 

Frist for innspel er 12. desember 2025.

Klima- og miljødepartementet vil også invitere sentrale aktørar til å komme med munnlege innspel på ein open første del av møtet i Oslofjordrådet 2. desember.