Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, og kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgard held diplom og blome
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, og kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgard. Foto: KUD

Juryen skriv at arbeidet med nynorsk språk og kulturarv er del av den daglege drifta av kommunen, med eit medvit om dei lange tradisjonane nynorsken og målreisinga har i Volda.

Volda legg også særleg vekt på lesing og litteratur på nynorsk, mellom anna med prosjekt på ungdomskulen og samarbeid mellom fleire instansar for å fremje leseglede. Kommunen jobbar også aktivt for at næringslivet skal nytte nynorsk.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery delte ut prisen på eit arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo den 13. oktober. Prisen er på 200 000 kroner.

Språkrådet forvaltar arbeidet med prisen på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet, med ein jury med representantar frå KS, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum og Språkrådet.