Pressekontaktar for Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Alle førespurnader til den politiske leiinga går via kommunikasjonseninga.

Pressetelefon: 916 73 519 (ikkje send SMS, nummeret er vidarekopla).

Etter arbeidstid og i helgar er vakttelefonen kun betjent for å handtere hastesaker. 

E-post: presse@aid.dep.no. E-post blir lest i arbeidstida mellom klokka 08:00-16:00. 
For hastesaker utanfor arbeidstid kan du kontakte oss på pressetelefonen.

Kommunikasjonseininga behandlar ikkje innsynskrav. Vi behandlar heller ikkje spørsmål frå privatpersonar. Dersom du ønskjer innsyn i ei sak kan du bruke Søk i eInnsyn eller sende e-post til postmottak@aid.dep.no

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sender ut pressemeldingar via nyheitsvarsel. Du kan abonnere på nyheitsvarsel på Nyhetsvarsel - regjeringen.no.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet held til i Akersgata 64. Presse som har ei avtale i departementet eller som skal delta på pressetreff må følgje dei same reglane for ID og bagasjesjekk som andre besøkjande:

Du må ha med gyldig legitimasjon. Dette er:

  • Pass
  • Norsk nasjonalt ID-kort
  • Norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk) Europeiske identitetskort (Identity card)

Reglar for bagasje:

  • Du kan ta med veske, PC-veske og mindre ryggsekk utan sikkerheitskontroll
  • Større utstyr (inkludert fotobaggar) må gjennom sikkerheitskontroll
  • Ved behov for sikkerheitskontroll er det viktig at du møter opp i god tid

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har sider på LinkedIn, X og Flickr. I tillegg publiserar vi innhald på regjeringa sine kontoar på Facebook og Instagram.

Pressekontaktar: