2. Referansegruppa sitt...

2. Referansegruppa sitt mandat, samansetjing og arbeid

Hausten 1996 nedsette Kommunal- og regionaldepartementet ei gruppe på ti personar frå departementa og kommunesektoren som skulle vere eit rådgjevande organ for Kommunal- og regionaldepartementet i utviklingsarbeidet av eit nytt busetjingsmål. Referansegruppa er blitt leia av fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane.

Referansegruppa har hatt følgjande samansetjing:

  1. Fylkesmann Oddvar Flæte, leiar
  2. Økonomisjef Børge Wahl, Nordland fylkeskommune
  3. Assisterande rådmann Per Øvermo, Fræna kommune
  4. Rådgjevar Trond Hjelmervik Hansen, Kommunenes Sentralforbund
  5. Underdirektør Anne Kathrine Fossum, Landbruksdepartementet
  6. Rådgjevar Arnold Langaas, Samferdselsdepartementet
  7. Prosjektleiar Aud Sissel Meringdal, Kommunal- og regionaldepartementet
  8. Rådgjevar Lars Audun Granly, Barne- og familiedepartementet
  9. Seniorrådgjevar Lars Fjell Hansson, Sosial- og helsedepartementet
  10. Avdelingsdirektør Alette Schreiner, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Avdelingsdirektør Eivind Dale og avdelingsdirektør Thor Bernstrøm frå Kommunal- og regionaldepartementet har delteke på møta i referansegruppa.

Referansegruppa hadde sitt første møte den 19. mars 1997 og avslutta arbeidet sitt i desember 1998. Referansegruppa og sekretariatet har hatt møte med representantar frå Transportøkonomisk institutt, Nord-Trøndelagsforskning, SINTEF NIS, NIBR og Sosialøkonomisk institutt ved Universitetet i Oslo. I møta har representantar frå desse institusjonane lagt fram sine prosjektskisser for referansegruppa.

Transportøkonomisk institutt , Statistisk sentralbyrå og Nord-Trøndelagsforskning har gjennomført forskingsprosjekt på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Dette har skjedd med tilslutnad frå referansegruppa. Statistisk sentralbyrå ved forskar Audun Langørgen og forskar Rolf Aaberge, har elles ytt bistand til utforming av forskingsprosjekta.

Sekretariatet til referansegruppa har vore lagt til Kommunalavdelinga i Kommunal- og regionaldepartementet. Prosjektleiar Grethe Hjelle har arbeidd i sekretariatet.

2.1 Mandat

Referansegruppa fekk følgjande mandat frå Kommunal- og arbeidsdepartementet:

Referansegruppa skal vere eit rådgjevande organ for departementet i arbeidet med å utvikle eit nytt (nye) kriterium for busetjingsmønster i inntektssystemet. Kriteriet (kriteria) skal fange opp kostnadsforskjellar ved busetjingsmønsteret i kommunal og fylkeskommunal tenesteproduksjon som er omfatta av utgiftsutjamninga i inntektssystemet. Referansegruppa skal vurdere ulike metodar for utforming av slike kriterium. Det må vurderast om det er høveleg å basere eit nytt kriterium for busetjingsmønster på grunnkrinsdatabasen til Statistisk sentralbyrå som inneheld reisetider og reiseavstandar i kvar enkelt kommune.

Referansegruppa skal vere i funksjon fram til ho har lagt fram ein rapport om utviklinga av nye kriterium for busetjingsmønster i inntektssystemet. Det blir lagt til grunn at ei vurdering av nye busetjingskriterium blir presentert i kommuneøkonomiproposisjonen for 1999. Verketida for referansegruppa kan bli utvida dersom det er trong for det.

Som følgje av at arbeidet for referansegruppa har vorte meir omfattande enn det ein først trudde, har departementet utvida verketida for referansegruppa frå mai til desember 1998.

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen