1 Samandrag av kva forslaga...

1 Samandrag av kva forslaga går ut på

Forslaget til lovendringar må sjåast i samanheng med eit ønske om forenkling og opprydding i gjeldande regelverk.

Derfor foreslår Landbruks- og matdepartementet å

  • endre jordlova § 6 slik at ordninga med friviljuge statlege kjøp fell bort, jf punkt 3.1,
  • oppheve heimelen i jordlova § 13 til å oreigne tilleggsjord, jf punkt 3.2,
  • oppheve heimelen i jordlova § 8 femte ledd til å oreigne vanhevda jord, jf punkt 3.3,
  • oppheve heimelen i jordlova § 14 til å oreigne husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk. Departementet foreslår ei overgangsordning på fem år rekna frå tida då resten av lovforslaget blir sett i kraft, jf punkt 3.4,
  • oppheve § 15 i jordlova om vilkår i oreigningssaker, jf punkt 3.6,
  • oppheve heimelen i jordlova § 16 til å avløyse bruksrettar mv., jf punkt 3.5,
  • oppheve § 17 i jordlova om skjønn og takstar etter kap. VI, jf punkt 3.6,
  • gjere ei endring i odelslova § 16 fjerde ledd utan at meininga er å rokke ved den odelsrettslege statusen til jord som blir lagt til eit bruk som tilleggsjord, jf punkt 3.7,
  • gjere redaksjonelle endringar i odelslova § 31 for å tilpasse reglane til den nye situasjonen. Det blir ikkje gjort framlegg om å endre det reelle innhaldet i føresegna nå, jf punkt 3.8,
  • endre jordlova § 18 for bl.a. å synleggjere kva for reaksjonar forvaltinga har høve til å nytte overfor tilskotsmottakarar som bryt tilskotsregelverket, jf punkt 3.9,
  • oppheve seks lover som ikkje lenger er aktuelle på grunn av samfunnsutviklinga, eller fordi dei har mista sin reelle funksjon av andre årsaker, jf punkt 3.10.

I punkt 2 gjer ein greie for arbeidet med lovforslaget, i punkt 3 er hovudpunkta i proposisjonen omtala og i punkt 4 er overgangsreglane omtala. I punkt 5 er dei administrative og økonomiske konsekvensane omtala og i punkt 6 finst særmerknader.