4 Om forslag til støttetiltak...

4 Om forslag til støttetiltak for 1997

I brev av 19. november la Norges Fiskarlag fram krav om støtte på 250 mill. kroner til fiskerinæringa for 1997. Dette er det same som for 1995 og 1996.

Fiskarlaget sitt krav er grunngjeve på same måten som for 1996. Det blir hevda at kravet ikkje inneheld inntektsstøtte eller kostnadsreduserande tiltak, men i hovudsak er grunngjeve ut i frå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar.

I brevet sitt framhevar Fiskarlaget at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gjeve fiskerinæringa ei spesiell rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast og legg derfor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle desse målsetjingane. Laget viser vidare til at den generelle inntektsstøtta til næringa er avvikla, og at den såleis er subsidiefri. Dessutan seier Fiskarlaget at dei tiltaka dei ber om over ein fiskeriavtale er av særskild karakter og av sentral betydning for å kunne drive ein aktiv fiskeri- og distriktspolitikk.

På bakgrunn av dette krev Fiskarlaget midlar til langsiktige tiltak til flåten. Vidare krev Fiskarlaget midlar til dei same kortsiktige tiltaka som i inneverande år. Dette er garantilott, føringstilskott, særskilde tilskott, tilskott til drift av lineegnesentralar og reservebeløp.

I forhandlingane om støtteavtale for 1997 kom ein inn på utsiktene for fangstkvanta, fiskeprisar og kostnadsutvikling. Partane har om lag same vurdering av overslag for fangstkvanta, medan det for prisar og marknadsutsikter er litt ulike vurderingar, men avstanden er liten. Båe partane ventar ei moderat kostnadsutvikling for neste år.

Vidare har ein m.a. gjort seg kjent med Regjeringa sitt forslag om integrering av Fiskarbanken i SND. Partane er samde om at det vil vere viktig for fiskarane å få avklart så snart som mogleg i kor stor grad og til kva slags type investeringar og tiltak dei kan pårekne tilskott til frå SND sine verkemiddel.

Når det gjeld ønskjet frå Norges Fiskarlag om m.a. kondemneringsordning, har ein frå staten si side vist til at spørsmålet om strukturtiltak kan vurderast i samband med at Fiskeridepartementet skal sjå nærare på offentlig engasjement for å sikra fornying, omstrukturering og kapasitetstilpassing i flåten, jf. omtale i Ot prp nr 15 (1996-97) pkt. 4.2.

Den 26. november la staten fram eit tilbod på 35 mill. kroner.

Forhandlingane held fram til 27. november 1996. Partane kom då til semje om ei ramme på 90 mill. kroner i fiskeristøtte for 1997. Partane vart òg samde om den nærmare fordeling på tiltak. Avtalen vil bli sendt Stortinget som utrykt vedlegg til proposisjonen.

Partane har òg sett nærare på verknaden av regelendringa for garantilottordninga frå 1996, og er samde om visse regelverksjusteringar og andre forbetringar i garantilottordninga for 1997.