2 Nærare om handlingsprogrammet...

2 Nærare om handlingsprogrammet for førebygging av narkotikamisbruk

Handlingsprogrammet for førebygging av narkotikamisbruk innan ramma av innsatsen for folkehelsa har som mål å kjempe mot narkotikamisbruk gjennom å støtte opp under og motivere til betre samarbeid mellom deltakarlanda på dette området. Handlingsprogrammet oppmodar medlemslanda m.a. til å:

  • styrkje kunnskapen om narkotikamisbruket og konsekvensane av det,

  • medverke til betre informasjonsutveksling, utdanning og opplæring innanfor førebyggjande verksemd,

  • utnytte føremonene ved auka samarbeid og erfaringsutveksling om førebyggjande tiltak.