3 EØS-komitéen sitt vedtak

3 EØS-komitéen sitt vedtak

Som eit ledd i samarbeidet i EØS, vedtok EØS-komitéen 4. oktober 1997 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at avtala òg omfattar EU sitt handlingsprogram for førebygging av narkotikamisbruk. Vedtaket inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga blir det vist til EØS-avtala, særleg til artiklane 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komitéen.

Artikkel 1 i EØS-komitéen sitt vedtak slår fast at Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 102/97/EF om vedtaking av eit felles handlingsprogram for å førebyggje narkotikamisbruk innan ramma av innsatsen for folkehelsa skal leggjast til som eit nytt støttepunkt i protokoll 31 artikkel 16 nr. 1.

Artikkel 2 slår fast at EFTA-statane skal delta i fellesprogramma og -tiltaka som er nemnde i dei tre første støttepunkta i nr. 1 fra 1. januar 1996, og i programmet som er nemnt i fjerde støttepunkt fra 1. januar 1997. I denne samanhengen vil departementet opplysa at dei 3 første støttepunkta gjeld helseprogram som blei innlemma i avtala etter handsaming i Stortinget, jfr St prp nr. 31 og Innst S nr. 126 for 1996-97.

Artikkel 3 slår fast at vedtaket skal gjelde fra 5. oktober 1997, under føresetnad av at EØS-komitéen har motteke alle fråsegnene frå partane i medhald av sin artikkel 103 nr.1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at EØS-komitéen sitt vedtak skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei Europeiske Fellesskapa.

Som følgje av at Noregs deltaking i Fellesskapet sitt handlingsprogram for førebygging av narkotikamisbruk vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i framtidige år, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komitéen 4. oktober 1997 tok avgjerda om å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må oppfyllast i Noreg før avgjerda kan bli bindande.