4 Administrative og økonomiske...

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Sosial- og helsedepartementet vil ha ansvaret for å samordne den norske deltakinga i programmet.

Tilskotet frå EFTA-statane til programmet for førebygging av narkotikamisbruk er i 1997 rekna til 85.500 ECU. Den norske delen av kostnadene til EFTA i 1997 er 94,37 %. I budsjettframlegget for 1998 er tilskotet frå EFTA-statane rekna til 80.684 ECU. Den norske delen for 1998 vil såleis utgjere om lag kr 600.000. I tillegg kjem administrasjonskonstnader som blir rekna saman med administrasjonskostnadene ved deltaking i dei andre helseprogramma.

Tilskotet blir dekt under budsjettet til Sosial- og helsedepartementet, kapittel 614 Tiltak for rusmiddelmisbrukere, post 21.

Deltakinga i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar.