2 Nærmare om handlingsplanen...

2 Nærmare om handlingsplanen for å fremje sikrare bruk av Internett

Handlingsplanen følgjer opp meldinga frå Kommisjonen og framlegget til rådsresolusjon om vedtaking av ein fleirårig handlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett (KOM (1997) 582 endeleg utgåve) og meldinga frå Kommisjonen om ulovleg og skadeleg innhald på Internett (KOM (1996) 487 endeleg utgåve). Handlingsplanen har òg nær tilknyting til rådsrekommandasjon av 24. september 1998 (98/560/EF) om vern av mindreårige og menneskeverdet, og vil verte samordna med denne.

Handlingsplanen gjer framlegg om reguleringar av innhaldet på Internett (ikkje av audiovisuelle medium generelt), og skiping av eit rammeverk for sikrare bruk av Internett. Det vert lagt opp til at det skal finne stad ei sjølvregulering i industrien gjennom filtrering, klassifisering og opplysning. Handlingsplanen har eit samla budsjett på 25 millionar euro (om lag 207,5 millionar kroner), og inneheld følgjande hovudprosjekt:

  • Skiping av eit europeisk nett av direktelinjer (tipslinjer). Nettverket skal gje brukarane høve til å melde frå om innhald eller bruk som dei oppdagar gjennom sin eigen bruk av Internett, og som det er rimeleg grunn til å tru er ulovleg.

  • Utvikling og bruk av innhaldsfiltrerings- og klassifiseringssystem. Desse innretningane skal gje Internett-brukarar (foreldre, lærarar) som har eit ansvar for andre brukarar (barn, elevar), eller bibliotekarar og nettverksadministratorar høve til å avgjere kva innhald dei ønskjer at dei personane som dei er ansvarlege for, skal ha tilgang til.

  • Opplysningsaktivitetar. Føremålet med opplysningsaktivitetane er å oppmuntre til bruk av Internett-tenester i heimar og skular ved å syte for at foreldre og lærarar får mindre grunn til å uroe seg over at det finst ulovleg og skadeleg innhald. Opplysningsaktivitetane skal gjennomførast i to etappar. I den første skal det identifiserast eigna kanalar. Vidare skal det utarbeidast underlagsmateriale som skal tilpassast språklege og kulturelle særpreg. I den andre etappen skal dei eigentlege opplysningsaktivitetene gjennomførast i heile Europa. Gjennomføringa av desse aktivitetane skal samordnast med liknande eller planlagde aktivitetar i andre medlemsstatar.

  • Støttetiltak for å kunne vurdere juridiske spørsmål. Føremålet er å sikre at dei røynslene som vert gjorde gjennom bruken av gjeldande reglar, t.d. om lovval og lovbrot, vert evaluerte. Støttetiltaka skal òg sikre at dei europeiske tiltaka som vert gjorde under handlingsplanen, skal samordnast med liknande initiativ i andre delar av verda.

  • Tilrettelegging for internasjonalt samarbeid på dei førnemnde områda.