3 Avgjerda til EØS-komiteen

3 Avgjerda til EØS-komiteen

Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 16. juli 1999 med ad ref dato 30. juli 1999 å endre Protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid utanfor dei fire fridommane, slik at avtala òg omfatter deltaking i den fireårige handlingsplanen til EU for å fremje sikrare bruk av Internett. Avgjerda inneheld ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga er det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsvedtak 276/1999/EF av 25. januar 1999 om vedtaking av ein fleirårig fellesskapshandlingsplan for å fremje sikrare bruk av Internett ved å kjempe mot ulovleg og skadeleg innhald på verdsomfattande nett, skal leggjast til som eit nytt strekpunkt i artikkel 2 nr. 5 i Protokoll 31.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 31. juli 1999, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-delen av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske felleskapa.