4 Vurderingar

4 Vurderingar

Informasjons- og kommunikasjonssamfunnet skaper utfordringar og nye framtidsutsikter både for næringsliv, innbyggjarar og samfunnet elles. Utfordringa ved Internett ligg særleg i å gjere seg nytte av nettverket og dei tilhøyrande tenestene på føremålstenlege måtar.

Internett er vorte ein stadig viktigare del av kvardagen i industrilanda. Både nasjonalt og internasjonalt vert det lagt stadig større vekt på dei føremonene som globale nettverk kan gje i utdanningssektoren. Internett kan gje næringsliv, forbrukarar og offentlege styresmakter nye ressursar, gjere det lettare å skape og formidle informasjonsinnhald og gje enklare tilgang til stadig veksande kjelder av digital informasjon.

Bruken av Internett i Noreg er omfattande, det er dermed lagt til rette for at Noreg også i framtida skal vere blant dei leiande informasjons- og kommunikasjonslanda. Det er eit ønskje at Noreg skal vere i fremste rekkje når det gjeld Internett-kommunikasjon, samstundes er det viktig å leggje vekt på ein medviten kurs når det gjeld dei samfunnsmessige sidene ved utviklinga av Internett.

IT-politikken er eit høgt prioritert område i Regjeringa sitt arbeid. Det vert lagt vekt på å ikkje fokusere einsidig på den teknologiske utviklinga, men å sjå økonomiske, teknologiske og samfunnsmessige tilhøve i samanheng. Utgangspunktet til Regjeringa når det gjeld Internett-politikken er at dei same samfunnsmessige målsetjingane gjeld for Internett som for andre medie- og kommunikasjonsområde. Regjeringa ønskjer eit fruktbart klima for utvikling av nye tenester og eit effektivt vern av mindreårige. Føresetnaden for eit fruktbart klima er at ein tek hand om ulovleg og skadeleg innhald, sjølv om dette utgjer ein avgrensa del av det innhaldet som vert formidla via Internett. Ved å skape sikrare rammer vil Regjeringa samstundes kjempe mot ulovleg og skadeleg innhald og førebyggje at Internett vert nytta som distribusjonskanal for kriminelle.

Dei politiske målsetjingane i handlingsplanen er difor i tråd med norske interesser som omfattar vern av einskildmenneske, næringsliv, organisasjonar og det offentlege. Det er til føremon for alle at det vert skipa rammevilkår for sikrare bruk av Internett. Deltakinga i handlingsplanen til EU fell difor inn som ein naturleg del av den norske politikken for vidareutvikling av Noreg som eit informasjons- og kommunikasjonsland, og vert vurdert som føremålstenleg for alle dei partane som det gjeld, og særleg for forbrukarane.

Saka har vore lagd fram for dei departementa som er med på finansieringa av handlingsplanen. Det har ikkje vore nokon merknader.