5 Administrative og økonomiske...

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Det samla budsjettet for handlingsplanen er 25 millionar euro over fire år, som tilsvarar om lag 207,5 millionar kroner for perioden 1999-2002.

Den norske delen av kostnadene for den operasjonelle delen av budsjettet vil vere om lag 4 millionar kroner, eller om lag 1 million kroner per år. I tillegg må Noreg betale tilskot til administrative kostnader på om lag 277.000 kroner i 1999, og dessutan kostnader til ein nasjonal ekspert.

Det samla norske tilskotet er venta å vere på om lag 8 millionar kroner i dei åra planen gjeld.

I 1999 vil kostnadene verte fordelte over budsjetta til Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Justisdepartementet, Kulturdepartementet, Kyrkje- undervisnings- og forskingsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Ein tek sikte på ei tilsvarande budsjettinndekking for åra 2000-2002.

Deltakinga i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvenser. Det er heller ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.