3 Avgjerda til EØS-komiteen

3 Avgjerda til EØS-komiteen

Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 26. mars 1999 å endre vedlegg XIII til EØS-avtala om transport, slik at avtala òg omfattar rådsdirektiv 98/25/EF om endring av direktiv 95/21/EF om håndheving av internasjonale standarder for sikkerhet, hindring av forurensning og leve- og arbeidsvilkår om bord på skip som anløper havner i Fellesskapet, og som seiler i farvann under medlemsstatenes jurisdiksjon (havnestatskontroll). Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og spesielt til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at rådsdirektiv 98/25/EF av 27. april 1998 skal gjelde som nytt strekpunkt i vedlegg XIII nr 56b (rådsdirektiv 95/21/EF) til avtala.

Artikkel 2 slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk på lik linje med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 27. mars 1999, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda til EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

For Noreg medfører innlemminga av rådsdirektiv 98/25/EF i EØS-avtala at det må gjerast visse endringar i Sjødyktighetslova. Avgjerda om å innlemme direktivet i vedlegg XIII til EØS-avtala vart derfor teken med atterhald for Stortingets samtykke til godkjenning av avgjerda. Nærings- og handelsdepartementet vil leggje frem ein eigen proposisjon om dei lovendringane som er naudsynte som følgje av avgjerda til EØS-komiteen.