4 Tilhøvet til norsk...

4 Tilhøvet til norsk rett

Det finst ingen heimel i Sjødyktighetslova til å gjere vedtak om at framande skip skal nektast tilgang til hamner på grunnlag av melding om kontroll som er utført i ein annan stat, slik rådsdirektiv 95/21/EF og 98/25/EF krev. For andre føremål er rådsdirektiv 95/21/EF gjennomført i forskrift av 1. juli 1996 nr 774 om kontroll med fremmede skip og flyttbare innretninger i norske havner m.v., som har heimel i § 1 fjerde leddet i Sjødyktighetslova. Innarbeidinga av rådsdirektiv 98/25/EF gjer det aktuelt med full gjennomføring av rådsdirektiv 95/21/EF, noko som krev endring i norsk lov. Det vert derfor gjort framlegg om ei lovendring ved at det i Sjødyktighetslova vert innarbeidd tilgangsvilkår med meldepliktfor skip som kjem til norsk sjøterritorium på veg til ei norsk hamn. Skip som ikkje stettar tilgangsvilkåra og meldeplikta, kan då nektast tilgang til norske hamner. Saka har vore send på høyring til dei organisasjonane og departementa som ho kjem ved, og desse stiller seg positive til lovframlegget.