1 Bakgrunn

1 Bakgrunn

EØS-komitéavgjerd nr. 172/1999 av 26. november 1999 gjeld innlemming i EØS-avtala av andre fasen av EU-handlingsprogrammet Leonardo da Vinci for yrkesretta opplæring (2000-2006). Programmet vart vedteke i Rådet for Den europeiske unionen 26. april 1999 (rådsvedtak 1999/382/EF).

Noreg har teke del i den første fasen av programmet Leonardo da Vinci (1995-2000), og har gjennom EFTA kome med innspel til utforminga av den andre fasen i programmet.

EØS-komitéavgjerda og rådsvedtaket følgjer som trykte vedlegg i norsk versjon til denne proposisjonen.