3 EØS-komitéavgjerda

3 EØS-komitéavgjerda

Med sikte på deltaking frå EFTA-statane i den andre fasen av EU-programmet for yrkesretta opplæring, Leonardo da Vinci, vedtok EØS-komiteen 26. november 1999 ei tilføying til protokoll 31 artikkel 4 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar den andre fasen av EU-programmet for yrkesretta opplæring, Leonardo da Vinci. I innleiinga til avgjerda er det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga og visse protokollar i avtala.

Artikkel 2 i avgjerda har som føresetnad at avgjerda i EØS-komiteen tek til å gjelde 29. februar 2000, på det vilkåret at alle partar innan denne datoen har gjeve melding om at dei forfatningsrettslege krava for godkjenning av avgjerda er stetta i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

I medhald av artikkel 3 skal avgjerda kunngjerast i EØS-delen av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Deltakinga i programmet har som føresetnad at det vert gjeve løyvingar over fleire år. Regjeringa finn det difor naudsynt å be om samtykke frå Stortinget til godkjenning av EØS-komitéavgjerda. Då EØS-komiteen tok avgjerda si, melde Noreg frå til dei andre avtalepartane om at dei forfatningsrettslege krava må vere stetta før avgjerda kan verte folkerettsleg bindande for Noreg.