Gi innspel til den nye idrettsmeldinga
Innspel | Dato: 17.06.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Meldinga skal beskrive viktige utviklingstrekk i og utanfor idretten som påverkar kva utfordringar og moglegheiter ein står overfor i idrettspolitikken. Meldinga vil drøfte sentrale problemstillingar som til dømes deltaking, inkludering, anlegg og rammevilkår, og vil knyte desse til statlege mål og sentrale samfunnsutfordringar. Idrettspolitikken skal sjåast i samanheng med regjeringa sin plan for eit meir inkluderande og rettferdig Noreg.
Meldinga vil leggje vekt på staten si rolle i å leggje til rette for ein berekraftig og inkluderande idrett som bidreg til idrettsglede og meistring, gode oppvekstvilkår og sterke lokalsamfunn, samt livskvalitet og folkehelse. Ei heilskapleg utvikling av idrettspolitikken føreset eit godt samspel mellom stat, fylkeskommunar, kommunar, idrettsorganisasjonar og andre aktørar. Idrettspolitikken skal òg fungere i samspel med andre relevante politikkområde, og politikken må sjåast i samanheng med samfunnsutfordringar som sosial ulikskap, utanforskap, folkehelseutfordringar, demografiske endringar og berekraftig areal- og samfunnsutvikling.
For regjeringa er det viktig å utforme ein idrettspolitikk som svarar på sentrale utfordringar, og som byggjer på ei god forståing av utviklingstrekka på området. Kultur- og likestillingsdepartementet har difor behov for innspel som kan bidra til eit felles kunnskapsgrunnlag om status og utfordringar, og som kan leggje til rette for gode prioriteringar. Departementet inviterer samfunnsaktørar til å kome med innspel og perspektiv som kan bidra til ein heilskapleg tilnærming til utviklinga av idrettspolitikken i den komande idrettsmeldinga.
Vi ber særleg om innspel til følgjande hovudområde:
- Idretten sin verdi, rolle og samfunnsbidrag
- Deltaking og inkludering i idretten
- Anlegg for idrett og fysisk aktivitet
- Profesjonalisering og auka krav og forventningar til idrettstilbodet
- Idrett og fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv
- Eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet
- Toppidrett
Fristen for å gi skriftlege innspel er 30. oktober 2026.
Tematiske område og innspelsspørsmål
Statleg støtte til idrett byggjer først og fremst på den eigenverdien som ligg i deltaking. Denne kjem til uttrykk gjennom idrettsglede, meistring, leik, konkurranse og personleg utvikling, samt gjennom fellesskap og trygge, inkluderande oppvekstarenaer. Den lokale frivilligheita er ein berebjelke i dette arbeidet. Idrettspolitikken er ein del av frivilligpolitikken, og statleg støtte skal leggje til rette for at lokalidretten kan utvikle seg på eigne premissar. Samstundes inneber offentlege tilskot forventningar om å prioritere brei og inkluderande deltaking, innanfor ramma av idretten sitt sjølvstyre.
Idretten har òg positive effektar på fleire samfunnsområde, og det blir ofte knytt forventningar til at idretten skal bidra til å løyse utfordringar innan mellom anna folkehelse, inkludering og oppvekstvilkår. Dette reiser prinsipielle spørsmål om rolle, ansvar og forventningar mellom idretten og det offentlege. Det er behov for å tydeleggjere kva oppgåver idretten kan og bør ivareta.
Departementet ber særskilt om innspel til følgjande problemstillingar:
- Kva er idretten sin eigenverdi, og kva er idretten sine kjerneoppgåver?
- Korleis kan den statlege idrettspolitikken best leggje til rette for desse kjerneoppgåvene?
- Korleis kan offentlege verkemiddel støtte idretten sin eigenart utan å svekkje frivilligheit og sjølvstyre?
- Kva samfunnsomsyn er det rimeleg å forvente at idretten bidreg til?
- Kvar bør grensa gå for idretten sitt ansvar, og kva oppgåver bør ivaretakast av andre aktørar?
Idrett når store delar av befolkninga, og målet er at alle som ønskjer det skal ha moglegheit til å delta, uavhengig av bakgrunn og føresetnader. Samstundes blir deltakinga påverka av faktorar som sosioøkonomisk bakgrunn, kjønn, funksjonsevne, geografi og kultur. Fråfall i ungdomsåra, aukande kostnader og manglande tilrettelegging for enkelte grupper er sentrale utfordringar som kan svekkje måloppnåinga.
Departementet ber særskilt om innspel til følgjande problemstillingar:
- Kva ansvar har idretten sjølv for å sikre eit inkluderande tilbod, og kva konkrete tiltak bør prioriterast?
- Finst det tiltak eller modellar som har vist god effekt, og som bør vidareutviklast eller skalerast?
- Kva er dei viktigaste barrierane for deltaking i paraidretten, og kva verkemiddel kan redusere desse barrierane?
- Korleis kan offentlege styresmakter best bidra til å fremje inkluderande deltaking?
- Er den samla bruken av spelemidlar tilstrekkeleg målretta for å sikre reell tilgjenge for alle?
- Korleis kan samspelet mellom breie grunnstøtteordningar og meir målretta tilskot styrkjast for å auke deltakinga?
- Kva rolle bør samarbeid mellom idrett, skule, helse og andre sektorar spele for å nå fleire?
Det er eit mål at alle som ønskjer det skal ha moglegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet. For å nå målet er tilskot til anlegg eit sentralt verkemiddel i idrettspolitikken. Gjennom tilskot stimulerer staten til anlegg både for organisert idrett og for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. I 2024 og 2025 har departementet gjennomført to høyringsrundar om endringar i tilskotsordninga for anlegg. Ny forskrift for ordninga vil bli fastsett i juni 2026.
Utfordringsbiletet er samansett. Det er skilnader i anleggsdekning i ulike delar av landet, og økonomien til kommunane kan påverke moglegheita til å investere i anlegg. I område med tett busetnad kan press på areal og høge kostnader vere ei utfordring. I andre område kan utfordringa vere lågt folketalsgrunnlag og lange reiseavstandar. Klimahensyn, økonomi og mål om fleirbruk stiller nye krav til planlegging, bygging og drift av idrettsanlegg.
Departementet ber særskilt om innspel til følgjande problemstillingar:
- Kva skal til for at idrettsanlegg bidreg til aktivitet, inkludering og lokal samfunnsutvikling?
- Kva bør vere ansvarsdelinga mellom stat, fylkeskommunar og kommunar i utviklinga og forvaltninga av anleggspolitikken?
- Kva bør vere dei viktigaste prioriteringane for tilskota til idrettsanlegg?
- Korleis kan staten leggje til rette for berekraftige og klimanøytrale idrettsanlegg?
- Korleis kan ein best sikre eit mangfaldig anleggstilbod som sikrar gode føresetnader for både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet?
Idretten er ein viktig arena i oppveksten til barn og unge og ein berebjelke i det frivillige engasjementet i samfunnet. Ambisjonen er ein trygg og inkluderande idrett som legg til rette for meistring, trivsel og varig deltaking.
Samtidig aukar bekymringa knytt til tidleg spesialisering, prestasjonspress, utanforskap og fråfall. Den frivillige grunnmuren i idretten blir òg utfordra av nye rammevilkår og auka forventningar til kvalitet og profesjonalitet.
Departementet ber særskilt om innspel til følgjande problemstillingar:
- Korleis kan idretten møte aukande krav og forventningar til tilbodet, samstundes som idretten held fram med å vere tilgjengeleg og inkluderande?
- Korleis kan auka profesjonalisering støtte – og ikkje svekkje – den frivillige innsatsen som idretten byggjer på?
- Korleis kan rekruttering og oppfølging av frivillige styrkjast i møte med aukande krav til kompetanse og omfang?
Barn og unge (6–19 år) og personar med nedsett funksjonsevne er i dag prioriterte målgrupper i statleg idrettspolitikk. Idretten er ein viktig arena for oppvekst, som bidreg til inkludering, meistring, fellesskap og personleg utvikling. Samstundes blir grunnlaget for rørsleglede og gode aktivitetsvanar lagt tidleg i livet.
Parallelt ser vi aukande utfordringar knytt til fysisk inaktivitet og psykisk helse. Idrett og fysisk aktivitet kan spele ei viktig rolle i det førebyggjande folkehelsearbeidet, gjennom å fremje livskvalitet, redusere presset på helsetenestene og styrkje deltaking i samfunns- og arbeidsliv.
Departementet ber særskilt om innspel til følgjande problemstillingar:
- Kva grupper bør prioriterast i idrettspolitikken framover?
- Dersom nye grupper skal løftast fram, kven eller kva bør eventuelt nedprioriterast?
- Korleis kan ei auka satsing på vaksne skje utan å svekkje tilbodet til barn og unge innanfor spelemiddelordninga?
- Korleis kan betre samanheng mellom organisert og eigenorganisert aktivitet bidra til aktivitet gjennom heile livet?
- Korleis kan samarbeidet med andre sektorar styrkjast for å nå breiare mål?
- I kva grad skal idretten vere eit verkemiddel i til dømes folkehelsepolitikken, og kvar går grensa for idretten sitt ansvar?
Gjennom spelemidlane til idrettsformål blir eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i første rekkje støtta gjennom tilskot til anlegg. Ein betydeleg del av anlegga som får spelemidlar, blir i større eller mindre grad brukte til eigenorganisert aktivitet. I tillegg blir det årleg gitt tilskot til TVERGA, ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.
Departementet ber særskilt om innspel til følgjande problemstillingar:
- Korleis kan den statlege idrettspolitikken leggje til rette for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet innanfor ramma av spelemidlane til idrettsformål, og kva tiltak bør prioriterast?
- I kva grad har kommunane tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse om tilrettelegging for eigenorganisert idrett?
- Korleis kan ein få til eit best mogleg samspel mellom organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i idrettspolitikken?
Toppidrett let seg ikkje på same måte som breiddeidrett plassere innanfor ei frivilligpolitisk ramme. Toppidretten er prega av ein sterk prestasjonskultur, profesjonalisering og ei rask teknologisk utvikling. Samstundes har toppidretten i Noreg ei forankring i idrettslag over heile landet. Paraidrett er ein integrert del av toppidrettssatsinga.
Statleg tilskot til toppidrett skjer i dag gjennom tilskot til Olympiatoppen, grunnstøtte til særforbund, tilskot til internasjonale arrangement i Noreg og tilskot til nasjonalanlegg og enkelte andre større meisterskapsanlegg. Grunngjevinga for statleg tilskot til toppidrett er rolla som kulturell identitetsskapar i samfunnet. Toppidrett skaper samhald og identitet. Norske idrettsprestasjonar gir fellesskapskjensle og skaper engasjement og begeistring. Toppidrettsutøvarar er òg inspirasjonskjelder for barn og unge som ønskjer å drive med idrett.
Departementet ber særskilt om innspel til følgjande problemstillingar:
- Er dagens grunngjeving for statleg støtte til toppidrett framleis aktuell, og finst det eventuelt andre forhold som kan grunngje statleg tilskot?
- Korleis bør ein, innanfor ramma av spelemidlane til idrettsformål, prioritere midlar mellom barne-, ungdoms- og breiddeidrett på den eine sida og toppidrett på den andre?
- Er dagens tilskot til toppidrett føremålstenleg innretta, og kvar bør innsatsen eventuelt styrkjast?