Høyring forskrift om opptak til høgare utdanning - endring i dekking av norskkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning mv.

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9. Som varsla i nytt rundskriv F-02-22 vil departementet foreslå ei endring av føresegna § 2-2 andre ledd, som følgje av at Folkeuniversitetet brått har avvikla Test i norsk - høgare nivå («Bergenstesten»), frå og med hausten 2022. I tillegg forslår vi endringar i § 4-7 tredje og fjerde ledd som følgje av endringa i første ledd tidlegare i år, der det ble lagt til ein ny alternativ måte for søkjarar å kvalifisere seg på til grunnskolelærar- og lektorutdanningane.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 27.01.2023

Vår ref.: 22/5836

Høyring forskrift om opptak til høgare utdanning - endring i dekking av norskkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning mv.

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.

Departementet vurderer, i samråd med HK-dir/Samordna opptak (SO), normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. Som varsla i nytt rundskriv F-02-22 vil departementet foreslå ei endring av føresegna § 2-2 andre ledd, som følge av at Folkeuniversitetet brått har avvikla Test i norsk - høgare nivå («Bergenstesten»), frå og med hausten 2022. I tillegg forslår vi endringar i § 4-7 tredje og fjerde ledd om spesielle opptakskrav til lærarutdanningane som følge av endringa i første ledd tidlegare i år, der det ble lagt til ein ny alternativ måte for søkjarar å kvalifisere seg på til grunnskolelærar- og lektorutdanningane.

Dei foreslåtte endringane inneber ikkje strengare krav enn dei som gjeld i dag. Derfor meiner departementet at det er rimeleg å sende forslaga på ei forkorta høyringsrunde. Endringar er lagt inn i kursiv og forslag om sletting er lagt inn med overstryking. 

Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Vi ber derfor høyringsinstansane om å nytte nynorsk når dei uttalar seg om forslaga. 

Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id2951060

Det skal sendast kopi av høyringssvara til HK-dir til post@hkdir.no. Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte.
Høyringsfristen er 27. januar 2023.

 

Med hilsen

Marthe Nordtug (e.f.)
avdelingsdirektør

                                                                    Katrine Elida Aaland
                                                                    seniorrådgiver

  • Association of Norwegian Students Abroad (ANSA)
  • Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
  • Elevorganisasjonen
  • Fagskoler
  • Fylkeskommunene inkl. Oslo kommune
  • Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF)
  • Private høyskoler
  • Statlige universiteter og høyskoler
  • Statsforvalterne
  • Utdanningsdirektoratet
  • Videregående skoler

Kopimottakere

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • Barne- og familiedepartementet
  • Forskerforbundet
  • Forum for fagskoler - Abelia
  • Hovedorganisasjonen Virke
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Likestillings- og diskrimineringsombudet
  • Lærernes Yrkesforbund
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
  • Norsk Lektorlag
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Rådet for offentlige fagskoler
  • Sametinget
  • Samordna opptak
  • Skolelederforbundet
  • Skolenes landsforbund
  • Statens lånekasse for utdanning
  • Unio
  • Universitets- og høgskolerådet
  • Utdanningsforbundet
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund