Rekommandasjon frå Ministerkomiteen til medlemsstatane om prinsippa for eit godt demokratisk styresett
Brosjyre/veiledning | Dato: 24.06.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Vedteke av Ministerkomiteen 6. september 2023 på det 1473. møtet mellom ministrane sine representantar.
Rekommandasjonen (med eit forklarande notat) gir ei grundig gjennomgang av prinsippa for god demokratisk styring, og omfattar vern og fremjing av demokratiet, respekt for menneskerettar og rettsstaten, offentleg etikk og integritet, god forvalting og levering av offentlege tenester av høg kvalitet. Ho utdjupar 12 nøkkelprinsipp som skal rettleie beslutningstakarar og offentlege institusjonar på alle forvaltingsnivå, og klargjer dei forventa standardane.
Omsetjing frå engelsk til nynorsk
I den vedlagde PDF-fila følgjer ei nynorsk omsetjing av rekommandasjonen og eit forklarande notat.
Omsetjingane er uoffisielle og vert gjevne berre til informasjonsføremål. Originalsida er på engelsk, og er skrive og publisert av Ministerkomiteen i Europarådet.
Omsetjinga til nynorsk er omsett og publisert av Kommunal- og distriktsdepartementet.
Rekommandasjon og notat:
- Rekommandasjon CM/Rec(2023)5 frå Ministerkomiteen til medlemsstatane om prinsippa for eit godt demokratisk styresett (PDF)
- Forklarande notat til rekommandasjon CM/Rec(2023)5 (PDF)
Lenkjer til original tekst på engelsk:
Recommendation CM/Rec(2023)5 of the Committee of Ministers to member States on the principles of good democratic governance, with its explanatory memorandum