6 Frå plan til byggjesak

Universell utforming dreier seg om utforming og tilrettelegging av fysiske forhold for å fremje like moglegheiter til samfunnsdeltaking, det vil seie at dei same løysingane skal kunne brukast av alle, uavhengig av funksjonsevne.

Plan- og bygningslova § 1-1 angir kva overordna omsyn som skal takast i vare gjennom planlegging og byggjesaksbehandling. Det følgjer av føresegna femte leddet at «prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak».

Plan- og bygningslova bruker omgrepet «universell utforming» på to måtar: 1) som prinsipp og 2) som eit materielt krav.

Prinsippet om universell utforming gjeld for heile lova. Prinsippet om universell utforming skal derfor leggjast til grunn for krav om tilgjenge i bustader òg.

Materielle krav kan givast i form av føresegner knytte til dei ulike planane i plan- og bygningslova (sjå omtale i kvar plantype i denne rettleiinga).

Når det gjeld krava til det enkelte byggjetiltaket, gjeld i tillegg materielle krav i Forskrift om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift) der kravsnivået for universell utforming og tilgjenge blir gitt for publikumsbygg, arbeidsbygg og bustader, irekna tilhøyrande uteområde.

Kravsnivåa i byggteknisk forskrift er minimumskrava for å sikre gode løysingar som kan brukast av alle for dei fleste tiltaka.

Der det er spesielle behov, kan det likevel vurderast eigne reguleringsføresegner for uteområde.

Sjå reguleringsplanrettleiinga på www.planlegging.no og byggteknisk forskrift.

Til forsiden