8 Konvensjonar, direktiv mv. om universell utforming – planlegging

8.1 FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne

Konvensjonen (frå 2006) skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av funksjonsnedsetjingar. Han skal sikre respekt for dei gjeldande sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013.

Myndigheitene har hovudansvaret for iverksetjinga av FN-konvensjonen og har gjennom ratifiseringa forplikta seg til å følgje konvensjonen. Universell utforming i planlegging er ein måte å følgje forpliktingane på.

8.2 Lov om likestilling og forbud mot diskriminering

Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova) som tredde i kraft 1. januar 2018, har som formål å fremje likestilling og hindre diskriminering. Ho er eit verkemiddel for at vi oppnår likestilling og deltaking for personar med nedsett funksjonsevne. Lova forbyr direkte òg indirekte diskriminering på grunn av blant anna funksjonsnedsetjing. Lova gjeld alle samfunnsområde.

§ 1 Formål

«Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlige forhold ved en person.»

Med likestilling menes likeverd, like muligheter og like rettigheter. Likestilling forutsetter tilgjengelighet og tilrettelegging.

Loven tar særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling. Loven skal bidra til å bygge ned samfunnsskapte funksjonshemmende barrierer, og hindre at nye skapes.

§ 12.Brudd på plikten til universell utforming eller individuell tilrettelegging

Brudd på §§ 17 og 18 om universell utforming og §§ 20, 21, 22 og 23 om individuell tilrettelegging regnes som diskriminering.

Diskriminering som skyldes mangelfull fysisk tilrettelegging, er uttømmende regulert i §§ 17 til 23 for de rettssubjektene og på de områdene disse bestemmelsene gjelder.

Likestillings- og diskrimineringslova § 17 første leddet om universell utforming har denne ordlyden:

«Offentlige og private virksomheter rettet mot allmennheten har plikt til universell utforming av virksomhetens alminnelige funksjoner.
Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene, inkludert informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), slik at virksomhetens alminnelige funksjoner kan benyttes av flest mulig, uavhengig av funksjonsnedsettelse.»

Fjerde leddet i paragrafen lyder slik:

«Plikten etter første ledd anses som oppfylt dersom virksomheten oppfyller krav til universell utforming i lov eller forskrift.»

Likestillings- og diskrimineringslova § 35 fastslår at Diskrimineringsnemnda har myndigheit til å handheve lova etter føresegnene i diskrimineringsombodslova.

Dersom det ligg føre brott på føresegnene om universell utforming, kan saka bringast inn for Diskrimineringsnemnda til behandling. Det er Diskrimineringsnemnda som behandlar klager over diskriminering eller trakassering etter likestillings- og diskrimineringslova. Diskrimineringsnemnda er eit alternativ til domstolen og behandlar klagesaker gratis. www.diskrimineringsnemda.no.

Likestillings- og diskrimineringsombodet gir rettleiing i spørsmål som angår likestilling og diskriminering. Kjelde: Likestilling- og diskrimineringsombodet, www.ldo.no.

8.3 Lov om kommuner og fylkeskommuner

I tråd med § 5-2 i lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) av 2018 skal kommunestyret og fylkestinget velje eit råd for personar med nedsett funksjonsevne. I den nye kommunelova som tredde i kraft hausten 2019, blei kommunane og fylkeskommunane også pålagde å velje eit eldreråd og eit ungdomsråd eller eit anna organ for medverknad for ungdom.

I 2019 blei det laga forskrift med utfyllande reglar for råda. Forskrifta presiserer at råda har rett til å uttale seg om alle typar saker som gjeld desse gruppene. Råda kan òg få møte- og talerett i folkevalde organ. Det er laga rettleiingar for alle dei tre ordningane, sjå under.

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne er eit rådgivande organ for kommunen og fylkeskommunen. Rådet har ein lovpålagd rett til å uttale seg i saker som gjeld personar med nedsett funksjonsevne. Anbefalingar frå rådet i konkrete saker vil vere ein del av grunnlaget for avgjerda som kommunen eller fylkeskommunen tek. 

Sjå her på regjeringa.no om rettleiingar og råd for meir informasjon.

Til forsiden