Barne- og familiedepartementet set i verk risikoreduserande tiltak for å sikre trygge adopsjonar
Dato: 31.01.2025 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa skjerpar kontrollen med adopsjonar til Noreg ved å innføre risikoreduserande tiltak. Mellom anna vil ansvaret for å kontrollere dokumenta i kvar enkelt adopsjonssak bli flytta frå adopsjonsorganisasjonane til Bufdir i 2025. Departementet vil ikkje stanse utanlandsadopsjonar mellombels medan granskinga går føre seg, slik Bufdir føreslo i januar 2024.