Ny lov om offentlege organ sitt ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) trådde i kraft 1. januar 2022. Føremålet med lova er å bidra til å sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp og teneste for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk. Vidare skal lova bidra til å sikre at tolkar held ein fagleg forsvarleg standard.

Tolkelova regulerer mellom anna offentlege organ si plikt til å bruke tolk og eit krav om å bruke kvalifisert tolk. Offentlege organ som bruker tolk jamleg, skal ha retningslinjer for bestilling og bruk av tolk. Kravet om å bruke kvalifisert tolk skal styrkje kvaliteten på tolkeoppdrag som blir utførte i offentleg sektor. Lova regulerer også krav til tolken, som teieplikt og habilitet, og at tolken skal opptre i samsvar med god tolkeskikk. Forskrift til tolkelova (tolkeforskrifta) gir utfyllande føresegner til lova.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor. Direktoratet gir råd, rettleiing og informasjon om tolkefeltet. IMDi har ansvar for Nasjonalt tolkeregister. Det er eit innsynsregister med oversikt over tolkar i ulike språk og deira kvalifiseringsnivå. Alle forvaltningsnivå, sektormyndigheiter og kommunar har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle gode rutinar for bestilling, bruk, betaling og kvalitetssikring av tolketenester. Offentlege organ kan velje mellom frammøtetolking og fjerntolking (via skjerm eller telefon).