Jordbruk: Auka lønsemd på Jæren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 03.04.2008
Jordbruk: NILFs Driftsgranskingar i jordbruket viser ein klar auke i lønsemda på Jæren og ein om lag like klar nedgang i regionen elles. Utviklinga for svineproduksjonen er god, men mjølkeprodusentane har hatt nedgang i resultat.
Jordbruk: NILFs Driftsgranskingar i jordbruket viser ein klar auke i lønsemda på Jæren og ein om lag like klar nedgang i regionen elles. Utviklinga for svineproduksjonen er god, men mjølkeprodusentane har hatt nedgang i resultat.
Trendar og økonomisk utvikling
Resultata for økonomien i jordbruket i Rogaland og Agder-fylka er no klare med trendar og økonomisk utvikling siste tiåret frå 1997 til 2006, og tabellsamling for 2002-2006. I den årlege undersøkinga er det i 2006 med i alt 80 bruk frå Rogaland og 53 bruk frå Agder. Bruka frå Rogaland og Agder er delt inn i to regionar, Jæren og Agder og Rogaland andre bygder.
Hovudtendensane er at svinehaldet på Jæren gav eit godt resultat for 2006 samanlikna med 2005, og at det var nedgong i resultata for mjølkeprodusentane i begge regionane. Årets notat tek for seg tema som samdrift, økologisk mjølkeproduksjon og skatt, forutan dei faste postane med trendar og økonomisk utvikling siste tiåret og tabellsamling for dei siste fem åra.
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) er eit frittståande og uavhengig statleg forskningsinstitutt med tilknytning til Landbruks- og matdepartementet.
Jordbruk: NILFs Driftsgranskingar i jordbruket viser ein klar auke i lønsemda på Jæren og ein om lag like klar nedgang i regionen elles.