Tilbaketrekkjing av konsesjonsutlysinga

Tilbaketrekkjing av konsesjonsutlysinga

Kulturdepartementet lyste 21. september 2000 ut ein konsesjon for riksdekkjande, reklamefinansierte fjernsynssendingar formidla via analoge bakkesendarar i Noreg. Søknadsfristen var sett til 21. februar 2001.

Under forutsetning av samtykke frå Stortinget skulle tildelingsprosessen bestå av ein prekvalifiseringsrunde, og deretter ein auksjon, der konsesjonen ville bli tildelt den med det høgste bodet.

Stortinget vedtok 15. desember 2000 at det skal krevjast vederlag for konsesjonen, men at slikt vederlag ikkje kan fastsetjast ved auksjon. Departementet har derfor trekt attende utlysinga, sidan tildelingsprosessen må endrast.

Kulturdepartementet vil i løpet av kort tid lyse ut konsesjonen på nytt og med ny søknadsfrist. Ny utlysing vil bli kunngjort i media, og nye søknadsdokument blir tilgjengelege på denne nettstaden.