Historisk arkiv

Breibandsmillionar til Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

37 bygdelag i Sogn og Fjordane skal no få breibandtilknyting. Dette er klart etter at fylket har fått dryge åtte millionar breibandskrone av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Noko av pengane skal gå til brukarkurs for å hjelpe folk med å ta dei nye offentlege breibandstenestene i bruk.

Pressemelding

Nr.: 32/2006
Dato: 22.09.06
Kontaktpersonar: Informasjonsrådgiver Ragnvald Berggrav, tlf. 92 45 53 37 eller seniorrådgiver Nils Ø. Gulbrandsen, tlf. 22 24 03 23

Breibandsmillionar til Sogn og Fjordane

37 bygdelag i Sogn og Fjordane skal no få breibandtilknyting. Dette er klart etter at fylket har fått dryge åtte millionar breibandskrone av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Noko av pengane skal gå til brukarkurs for å hjelpe folk med å ta dei nye offentlege breibandstenestene i bruk.

- Eg er veldig kry over at vi no ser resultat av regjeringa si satsing på breiband, òg i mitt heimfylke! seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Til saman sytten breibandsprosjekt, som inkluderer 130 kommunar over hele landet, har fått vere med å dele potten på 50 millionar kroner som vart løyvde i revidert nasjonalbudsjett. I tillegg til er det gitt tilsegn på nærare 30 millionar kroner til åtte prosjekt neste år. Saman med lokale tilskot vil dette utgjere 200 millionar kronar til breibandsbygging.

Breibandsdekninga i Noreg er allereie oppe i om lag 95 prosent. Pengane som no er gitt, vil føre til at nærare 30.000 nye husstandar kan kople seg på. Dette utgjer i underkant av ein tredjedel av dei som manglar breibandstilbod i dag.

- Dette er eit flott utgangspunkt for å få med dei siste husstandane. Og det kjem meir pengar! lover Grande Røys.

I følgje statsråden vil regjeringa jobbe vidare saman med lokale krefter som kommunar, fylkeskommunar og lokale kraftselskap for at dei bygder som står att, skal få tilgang. Ho har òg tru på at kommersielle aktørar òg vil vere i sluttspurten.

Midlane er fordelte gjennom Høykom-programmet som blir finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet og blir administrert av Norges Forskningsråd.