- CO2-handtering er eit viktig klimatiltak. Regjeringa har ein ambisjon om å få på plass minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst og -lagring innen 2020. Dette er ein krevjande ambisjon. Skal vi lykkast er vi avhengig av å få fram gode prosjekt. Det legg vi no til rette for. Vi må også støtte industri- og forskingsaktørane i arbeidet med å vidareutvikle teknologien. Difor styrker vi satsinga på CO2-handtering i årets budsjett, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Regjeringa la fram sin strategi for CO2-handtering i fjor. Tiltaka omfattar eit breidt spekter av tiltak og virkemiddel, frå forsking og demonstrasjon til arbeidet med å realisere eitt fullskalaanlegg. Regjeringa foreslår å styrke demonstrasjonsdelen av CLIMIT-programmet i 2016-budsjettet. Målet er at den auka løyvinga kan utløyse fleire og større demonstrasjonsprosjekt for CO2-handtering.

Moglegheitsstudiene av fullskala CO2-håndtering i Norge skal gje eit meir detaljert bilete av kostnader, risiko og nytte av dei CO2-handteringsprosjekta som vart identifisert i Gassnovas idéstudie frå mai 2015. Norcem, Yara og Energigjenvinningsetaten i Oslo er interesserte i å gjennomføre moglegheitsstudier av fullskala CO2-fangst på sine anlegg. Resultata frå moglegheitsstudiene vil bli ferdigstilt til sommaren.