Pengane går til 10 regionale kompetansesenter, PRODA profesjonell dansetrening og Danseinformasjonen. Totalt løyver regjeringa 52,5 millionar kroner til desse aktørane i 2026.

– Norsk dansekunst held eit høgt nivå og haustar lovord både heime og internasjonalt. Dei regionale kompetansesentera har stor betydning for produksjon og formidling av dans og med denne løyvinga håper vi å løfte feltet også vidare, seier Jaffery.

Verksemd

Beløp (1 000 kroner)

Bergen Dansesenter

1 380

Dans i Trøndelag

1 200

Danseinformasjonen

200

Dansekunst Østfold

450

Dansekraft

500

DansInn

600

DansiT – Dansekunst i Trondheim og Midt-Norge

960

NORA – regional og nasjonal arena for dans i Telemark

1 150

PRODA profesjonell dansetrening

1 100

R.E.D. (Residency Eina Danz)

470

RAS – Regional Arena for Samtidsdans

1 400

Scenekunst Sør

590