10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren utpeikt 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017.

–  For å bevare Noreg sitt unike kulturlandskap er det avgjerande med jordbruk over heile landet, kunnskap om områda, og dyktige grunneigare. No tildeler vi 4 millionar kroner til dei nye utvalde kulturlandskapa, som går til vedlikehald og stell av landskapet. Det bidreg til å bevare kulturlandskapet vårt i mange år framover, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Utvalgte kulturlandskap i jordbruket er et unikt samarbeid mellom stat og bonde og mellom landbruk og miljø. Samarbeidet gir ordningen tre ben å stå på - landbruk, natur og kulturarv. Dette bidrar til å sikre at viktige verdier i jordbrukets kulturlandskap blir tatt vare på. Det gir mulighet for verdiskaping lokalt og stolthet over disse verdiene, sier klima og miljøminister Vidar Helgesen.

Dei ulike områda er utvalde fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald og kulturminne og kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på dei som viktige kulturlandskap. Dette avhenger av at landskapa er i bruk, samt vedlikehald og stell av områda. Dei utvalgte områda frå 10 ulike fylke, skal til sammen representere varierte kulturlandskapstypar i Noreg.

Dei ti nye utvalde landskapa  

  1. Værne kloster, Rygge i Østfold Værne kloster, Rygge kommune, Østfold
  2. Sørkedalen med Bogstad gård, Oslo kommune, Oslo
  3. Leveld, Ål kommune, Buskerud
  4. Hjartdal og Svartdal, Hjartdal og Seljord kommuner, Telemark
  5. Havrå gard, Osterøy kommune, Hordaland
  6. Ormelid, Luster kommune, Sogn og Fjordane
  7. Alnes på Godøya, Giske kommune, Møre og Romsdal
  8. Kvelia-Kvesjøen, Lierne kommune, Nord-Trøndelag
  9. Engeløya, Steigen kommune, Nordland
  10. Skallan-Rå, Troms Skallan-Rå, Kvæfjord kommune, Troms

Dei nye utvalde kulturlandskapa vil bli presentert nærare i ei sommarserie på Landbruks- og matdepartementet si heimeside utover sommaren.

32 utvalde kulturlandskap i jordbruket

Utvalde kulturlandskap i jordbruket ble etablert i 2009 og omfattar no 32 område over heile landet. Utvalde kulturlandskap i jordbruket er eit samarbeid mellom miljø- og landbruksmyndigheitane, og vert leia av Landbruksdirektoratet, Riksantikvaren og Miljødirektoratet. Formålet med satsinga er å sikre ei langsiktig forvalting av dei utvalde områda, med både biologiske og kulturhistoriske verdiar, samt å gi kunnskap og opplevingar, og vere ein ressurs for framtida.