15 millionar til formidling av Ibsen
Pressemelding | Dato: 28.10.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
I 2028 er det 200 år sidan Henrik Ibsen vart fødd. Jubileumsåret skal markerast og Kultur- og likestillingsdepartementet set av 15 millionar kroner til formidling av Ibsen i folkebiblioteka.
– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig å ta vare på - og formidle - historia om Noregs viktigaste dramatikar. Vi ønskjer at nye generasjonar skal bli kjent med dramatikken og forfattarskapen hans, og difor gir vi 15 millionar kroner som skal gå til markering av 200-årsjubileet på bibliotek over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Nasjonalbiblioteket har ansvaret for å leie og koordinere Ibsen 200 nasjonalt og internasjonalt. Midlane til biblioteka skal byggje opp under gode samarbeidsprosjekt mellom folkebibliotek og andre lokale og regionale aktørar i Noreg.
– Biblioteka er blant våre viktigaste og mest inkluderande møteplassar, og eg gleder meg til å sjå alle markeringane av Ibsen og vår kulturarv over heile landet i jubileumsåret 2028, seier Jaffery.
Midlane kjem frå spelemidlane og er ein del av dei årlege prosjekt- og utviklingsmidlane som forvaltast av Nasjonalbiblioteket. Brorparten av midlane vil lysast ut i 2027. Sjølve innretninga av midlane vil Nasjonalbiblioteket komme tilbake til.