For godstog er det få eller ingen moglege omkøyringar. Når ein bane blir stengd for trafikk, mistar godstogselskapa store inntekter, mens dei sit igjen med store faste kostanader.

– Å frakte gods på jernbanen bidreg til mindre kø på vegane, er miljøvenleg og er ei transportteneste som også Forsvaret treng. Kompensasjonen på 150 millionar kroner som regjeringa foreslår, er eit målretta verkemiddel for å verne om ein samfunnskritisk transportfunksjon, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. 

Den foreslåtte løyvinga på 150 millionar kroner er basert på eit overslag over kor mykje aktørane har tapt. I tillegg til at Stortinget sluttar seg til regjeringas forslag, må EFTAs overvakingsorgan (ESA) godkjenne kompensasjonsordninga før beløpet kan utbetalast.

Nordlandsbanen opnar etter planen i juni 

Nordlandsbanen har vore stengd for godstrafikk sør for Steinkjer etter kvikkleireskredet ved Levanger 30. august i fjor. I Steinkjer er det etablert ein mellombels godsterminal for trafikken til og frå Bodø.

Heile Nordlandsbanen skal etter planen opne for trafikk igjen i juni i år.