160 millionar til aktivitetar for barn og unge

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I dag deler regjeringa ut samla 160 millionar kroner til frivillige organisasjonar, kommunar og andre private aktørar. Pengane går til fritidsaktivitetar og ferietilbod for barn og unge.

- Fellesskapet barn og unge får kjenne på når dei er med på sosiale aktivitetar på fritida og i feriar er veldig viktig. Det gir minne, venner og opplevingar som kan vare livet ut. Det kan bidra til å forhindre at nokon fell utanfor, både når dei er unge, men også seinare i livet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Dei 160 millionane som delast ut i dag er den første runda med tildelingar på ordninga som heiter Tilskot til å inkludera barn og unge i 2023. Målgruppa for ordninga er barn og unge i alderen frå null  til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap.

Målet med ordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking gjennom utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. I 2023-budsjettet er ordninga styrkt med 96 mill. kroner, og utgjer i år om lag 664 mill. kroner.

- Regjeringa vil leggje til rette for at alle barn, uansett bakgrunn, kan delta i fritidsaktivitetar. Derfor har vi prioritert å styrke tilskotsordninga for å inkludere barn og unge. Det er særleg viktig i dyrtida som vi no er inne i. Prisstigninga rammar hardast dei familiane som har minst, og vi vil motverke at økonomi blir eit hinder for at barn får delta, seier Toppe.

Tilskotsordninga omfattar i dag 12 aktivitetstypar. Frivillige organisasjonar, offentlege instansar og private aktørar kan søkje om tilskot til dei fleste aktivitetstypane. Den største delen av midlane er tildelte Ferie for alle i regi av Noregs Røde Kors (42,6 mill. kroner) og Barnas stasjon i regi av Blå Kors (60 mill. kroner).

Det er Bufdir som forvaltar ordninga på vegne av Barne- og familiedepartementet. Her finn du ein oversikt over alle tildelingane