Statsbudsjettet 2016: 26 nye togsett og eit godt grunnlag for meir passasjerauke

- Regjeringa vil leggje til rette for at fleire vel kollektivtransport i kvardagen. Vi må gjere kollektivreisene meir attraktive gjennom auka frekvens og betre materiell. Regjeringa føreslår difor å gi NSB økonomisk handlingsrom i 2016 til å kjøpe inn 26 nye togsett, mellom anna for å erstatte dei gamle toga på Gjøvikbanen og Vossebanen. I tillegg skal nytt togmateriell inn i trafikk på andre strekningar på Austlandet. Dei første togsetta på Austlandet blir sette i trafikk frå hausten 2016. Med dette vonar vi at passasjerauken på jernbanen blir ytterlegare styrkt, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet foreslår å gi NSB ei restverdisikring på 1,55 milliardar kroner til innkjøp av 26 nye togsett i 2016. Dette betyr at staten garanterer for 75 prosent av den bokførte verdien på togmateriellet.  

Kjøp av persontransport med tog – vidareføring av løyving for 2015 
- Dei siste åra har det vore ein markant auke i persontrafikken på jernbanen. Etter skiftet i 2013 har regjeringa lagt til rette for styrkt togtilbod på Austlandet og Saltenpendelen, auka frekvens på Sørlandsbanen og forlenga rutetilbod på Trønderbanen. Satsinga til regjeringa på vedlikehald held fram i 2016, og dette vil bidra til å gjere togtrafikken meir punktleg og styrkje regulariteten. Det ligg med andre ord til rette for at passasjerauken skal halde fram i 2016, seier samferdselsministeren.      

Regjeringa foreslår drygt 3,2 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransport med tog, ein liten nedgang samanlikna med saldert budsjett 2015. Reduksjonen kjem som følgje av forventa auke i passasjertalet på fleire strekningar, og dermed mindre behov for statleg kjøp av den same togtrafikken.

For fleire opplysningar – sjå: